Работайте офлайн с приложением Player FM !
Ida Lindstrøm Dahl – om Sjølvmordsførebygging, Livslosen og Meistring av Kriser
Manage episode 439453205 series 2636515
WHO estimerer at over 700 000 menneske tek sitt eige liv kvart år. For kvart sjølvmord er det truleg rundt 20 andre som anten har prøvd å ta livet sitt eller har alvorlege sjølvmordstankar. Globalt er det fleire som døyr av sjølvmord enn av drap og krig til saman. Sjølvmord er også den fjerde vanlegaste dødsårsaka blant menneske mellom 15 og 29 år.
Ei som arbeider med å førebygge sjølvmord er Ida Lindstrøm Dahl. I denne episoden får du høyre korleis ho blei interessert i tematikken, og korleis ho enda opp med å jobbe med sjølvmordsførebygging på fulltid.
Du får også høyre om Livslosen, eit lavterskeltilbod for dei som slit med sjølvmordstankar, samt konkrete råd for kva du kan gjere om du sjølv har slike tankar, eller kjenner nokon som har det.
Her finn du meir info om Livslosen:
Lovisenberg Livslosen
Les meir om sjølvmordstankar her:
Helsenorge om sjølvmordstankar
Treng du nokon å snakke med?
Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og følelsar heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.
Mental Helse: 116 123
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Her finner du flere hjelpetelefoner og chat-tjenester som kan være til hjelp når du har det vanskelig.
For barn og unge:
Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Kors på halsen (drevet av Røde Kors): 800 333 21
SnakkOmPsyken.no: Chattetilbud drevet av Blå Kors
Sponsor: Sunnhordland Kraftlag
Dagens episode er sponsa av Sunnhordland Kraftlag som ein del av kampanjen rundt Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. Årets kampanje oppmodar til felles innsats mot einsemd og utanforskap. Spesifikt vert alle oppfordra til å setje av 8 minutt til å ringe nokon du bryr deg om – kvar dag. Fleire seier at dei ikkje lenger brukar telefonen til å ringe, men å høyre stemma til ein du er glad i kan bety meir enn du trur. Regelmessig kontakt kan senke terskelen for å få snakka om det som er vanskeleg.
SKL ynskjer å bidra til å rette fokus mot hjelpa som finst, både profesjonelt og i våre eigne relasjonar – i dei 8 minutts samtalane.
324 эпизодов

Tất cả các tập
×Добро пожаловать в Player FM!
Player FM сканирует Интернет в поисках высококачественных подкастов, чтобы вы могли наслаждаться ими прямо сейчас. Это лучшее приложение для подкастов, которое работает на Android, iPhone и веб-странице. Зарегистрируйтесь, чтобы синхронизировать подписки на разных устройствах.